Kulturminneløypa på Bjørke

  • Published on
    26-Apr-2015

  • View
    244

  • Download
    0

Transcript

Kulturminneløypa på Bjørke Bjørke ligg i inste enden av Hjørundfjorden. Bjørke og Skjåstaddalen har mange kulturminne og eldre hus. Denne løypa som går rundt Bjørke og Åkre vil vise deg nokre av desse kulturminna og husa som er i bygda. Oversiktskart over løypa Løypa starter på Bruasletta Skilt er satt opp der løypa starter. Følg gamlevegen som går på høgre side av vikeelva. 1. Kvernhusa og gamlevgen langs vikeelva 2. Naustrekkja på Bjørke 3. Notahuset 4 Jodbuda 5. Storfjorden kyrkje (Bjørke kyrkje) 6. Den freda telefonkiosken 7. Jettegryta 8. Tua og Tingstova 9. Tyssefossen 10.Kjelshaugen Kvernhusa ved Vikeelva Langs Vikeelva går gamlevegen som gjekk frå Bjørkevikja og fram til Saure og Skjåstaddalen. Vikeelva var særs viktig for Bjørkegardane, då elva ga både energi og mat. Her mol dei kornet som var bruka til bakst og matlaging. Det måtte vere spesielt spennande i krigsåra, då dei måtte male korn til eige bruk om natta, men ingen blei tekne for det. På bildet ser du Krusekverna som er det eldste kvernhuset då ho er ifrå den tida Jakobgarden og Hansgarden var ein gard. Gardane blei delte i 1770. Rekkefylgja på kvernene er; Knutekverna (murane står igjen), Krusekverna, Hoggdalskverna, Bertelkverna, Martekverna. Dei tre kvernhusa som står igjen blei restaurerte i 1985 av Thomas Hustad. Kvernhusa vart også nytta til å drive truskemaskiner o.l. oppi Bjørkegardane. Det var taudrift heilt frå kvernhusa og opp i gardane. Vikeelva var i mange år særs viktig som matauke for Bjørkegardane Ovanfor brua kan du sjå restane av ein laksegard. Laksegarden fungerte slik at laksen gikk inn og blei ståande fast. Her fanga dei den gongen mykje fisk som dei brukte både til mat og sal. Dei åt so mykje laks på Bjørke, at det vart inngått ei avtale om at drengane ikkje skulle ete laks meir enn tre gonger i veka. Naustrekkja. Nokre av eldste nausta i den kjende naustrekkja på Bjørke med Bjørkehornet og fjellrekkja med Blåbreden over mot Hornindal i bakgrunnen. Alle gardane i dalen har evigvarande bruksrett på nausttomt, og i fjorden og ”uttai land” var ein vesentleg del av levebrødet. Det spesielle med Rasmusnaustet til høgre, Knutenaustet, Lassegardsnaustet og Larsnaustet lenger til venstre for biletet er at då fjordbøndene på 15-16 hundretalet byrja å fiske ”uttai land”, altså ute på havet og måtte ha større båtar, seksringar og fjørefar, forlengde dei nausta med ein loddrett stokk der dei felte inn tømmer frå gamle hus til forlenging av naustet. Denne byggemåten er ganske ukjend andre stader, og i alle fall på fire jamgamle naust i same bygda. I naustrekkja er også mang svært gamle grindbygde naust med gamle båtbord til kledning. Du bør legge merke til båtsaumen på dei gamle snedbetningsborda, der mange av røene er hogde av stangjern og sannsynlegvis er frå tida før dei runde kjøperøene kom i bruk. Går du vidare mot elva finn du notanaustet som er under restaurering. Vi har skriftlege kjelder om notlaget tilbake til rundt år 1700, og her vart i tidlegare tider teke store mengder sild som vart salta for eksport på Notabreidsla bak nausta. Storenota var 180 famnar lang, og i største kastet vi veit om tok dei 5000 storsei i eitt kast på vika utfor nausta. Notanaustet på Bjørke. Notanaustet på Bjørke har sannsynlegvis vorte ombygd fleire gongar. Naustet, slik det står i dag, er truleg frå slutten av 1800-talet. Naustet hadde torvtak eit stykkje fram på 1900-talet. Bjørke Notlag eig notanaustet. Forutan bjørkingane var folk frå Åkre, Saure og Sætre med. Om Bjørke Notlag finst det munnlege beretningar attende til 1820-åra. Men etter skifta å døme er laget mykje eldre. Eigarane gjekk inn for å restaurere notanaustet etter at orkanen i 1991 lyfta det opp og flytta det av steinane. Det er Hjørundfjord Kulturvernlag i samarbeid med eigarane som står for det arbeidet. Plassen frå bedehuset til notanaustet blir kalla Notabreidsla, og her turka dei og bøtte nøtene. Den største nota var på 180 famner. Notalaget eigde ein notabåt og ein spelbåt. Notabåten vart dessverre seld for nokre år sidan, like før restaureringa av naustet byrja. Fiske og innkome frå fiske var viktig for alle som var med i notalaget. Bjørkingane varsla sauringane om at det var tid for å kaste etter fisk ved at dei la ut eit kvitt laken i Holen. Når sauringane såg at det var ”kvitt flagg” i Holen, var det berre å sleppe det ein heldt på med og kome seg til Bjørkevikja og notahuset. Notabasen stod ofte oppe på bakkane der han kunne sjå bevegelsen på fisken og sildebrunkane. Jodbuda Jodbuda er den eldste butikken som har vore på Bjørke. Hjørundfjord Sogelag eig den og har restaurert den. Den inneheld både inventar frå den gamle tida og varer frå 1900-1980. Jakob J.Rørstad (1852-1947) fekk ved makeskiftebrev i 1892 ei tomt i Bjørkefjøra. Der gjekk han i 1901 over frå bondehandel til fast landhandel. Jodbuda vart namnet p.g.a. førebokstavane. I 1916 kom ny bud opp med ny brukar, sonen Johan (1892-1937), og gamlebuda vart helst lagerplass. Sonen hans att, Jakob (1917-1993), tok over i 1937 med mora si, Ingeborg (1891-1977) som fast hjelpar gjennom to generasjonar. Før Jakob døydde, gav han den gamle Jodbuda til Hjørundfjord sogelag. Sogelaget har innreidd buda som ein eldre landhandel. Her kan du sjå varer som dei selde i butikken frå 1900 og fram til i dag. Ta kontakt med Hjørundfjord Sogelag så får du sjå inne i butikken. Storfjorden Kyrkje Kyrkja vert kalla Bjørke kyrkje på folkemunne. Ho vart bygd av Sivert og Edvard Gjersdal i 1919 - 1920. Altartavla i Storfjord kyrkje er laga av Arne Kinsarvik og Karl Straume i 1919. Måling og dekorasjon vart utført av Johan Haddal. Kyrkja vart vigsla 16. september 1920 av biskop Peter Hognestad. I 1929 vart Storfjord sokn skild frå Hjørundfjord sokn. Ved kyrkjeporten er det oppsett ein stor bautastein til minne om alle dei som omkom i Otolaulykka. Den 1.januar 1770 blei 3 kyrkjebåtar frå Skjåstaddalen tekne av storefonna (Otola) som ligg rett over fjorden for Viddal. 27 menneske omkom. Det var både eit brudefylgje og barnedåpsfylgje i båtane. Heilt sidan denne ulukka med kyrkjebåtane, hadde folket i bygda i tankane å byggje seg eiga kyrkje på Bjørke. Det var difor ei stor glede i dalen då den nye kyrkja stod ferdig. Den freda Telefonkiosken på Bjørke (Prillarguri) Ein mai-dag i 1997 skjedde det noko spesielt med telefonkiosken på Bjørke. Brått var han pynta med fotside rastafletter av jarnlenkjer festa i store tunge steinar. Der stod kiosken halden fast, og der ville folk at han skulle bli ståande. Kiosken vart oppattkalla etter Prillar-Guri frå "skotteslaget" ved Kringen i Gudbrandsdalen 12.august 1612. Telenor ville i ei snarvende fjerne den einaste kiosken i bygda fordi han "ikkje lønte seg". Bygdefolket protesterte heilt spontant, gjekk mann av huse, store og små, og slo ring rundt kiosken. Alle forstod kva lenkjene og steinane var uttrykk for: Distrikta spør etter ein politikk som ikkje finreknar på ei stykkevis forretningsmessig forteneste. Politikk skal ikkje vere ein brøk-politikk, men skal setje folk og samfunn inn i ein samanheng. Eit lokalsamfunn skal som samfunnet elles sjåast som ein heilskap. Aksjonen kom i positiv dialog med Telenor som let kiosken bli ståande "på bakgrunn av det sterke lokale engasjementet". Lenkjene og steinane vart tekne til sides, og kiosken stod der berga og fri. Mange år etter står Prillar-Guri der framleis og oppfordrar deg til å setje pris på lokalmiljøet der du bur. Jettegryta Bygginga av tunnelen frå Bjørke til Leira hadde pågått i ein månad då en sensasjon skjedde på Bjørke. Like ved portalbygget til Tussa Kraft fann anleggsarbeidarar ei stor jettegryte. Vegvesenet flytta tunnelen 12 meter slik at denne turistattraksjonen blei bevart. Jettegryta er 8 meter i diameter og 6 meter djup. Det er ikkje ofte ein finn slike store gryter så nær sjøen. Dette blir en attraksjon for bygda når den blir ferdig til visning i 2010 På oppslagssidene til NTNU, som omhandler jettegryter, kan vi lese følgjande: ”I Norge ble mange jettegryter dannet ved avslutningen av siste istid. De ble dannet langs kysten der havstanden sto høyere den gang enn i dag. De ble også skavet ut av breelver som rant inne i isen eller stupte ned på berget gjennom kortlivete sjakter i isen. Mange jettegryter ligger derfor over havkanten og ofte langt inne på land, langt fra dagens elver. Havjettegrytene dannes fremdeles, men mange er også dannet ved tidligere høyere vannstand da landet lå dypere etter siste istid. Dybden kan gå ned i 10-20 meter og flere jettegryter kan ligge etter hverandre langs en elv. Finnes ved fosser og stryk eller havstrekninger hvor brenningen har fått godt tak og gnurer steiner rundt og rundt.” Tua/Tingstova Tua er stovehuset som tilhøyrde ein husmannsplass frå ca 1750. Tingstova er frå ca 1600 Tueplassen på Bjørke var fram til andre verdskrigen den einaste i Hjørundfjord som stod nokolunde uendra. Med tida forfall husa, løa datt ned, og stabburet vart rive. I 1988 såg styret i Hjørundfjord Sogelag at om stova skulle bergast, måtte det skje straks. I ljøren står innskore NSB 69, som står for Nils Steffensson Bjørke 1869. Sjølv var han fødd på Ner-Saure i 1839, og 3 år før stova kom opp, gifte han seg med Eline Jørgensdotter Bjørke (1843). Den store folkeauken utgjennom 1800-talet, og påfallande sein utvandring til Amerika, førde til at fleire her slo seg ned som plassemenn. Eline fekk lovnad på eit stykke av farsgarden inni Tuene og dermed var namnet på plassen fastlagd. Då posten kom til gards i 1890, tok dei "kòven" til bruks som postkontor, og romet fekk då nemninga Postkammerset. Etter århundreskiftet bygde truleg sonen Steffen på eit rom og ein gang framføre. Tilfanget skulle vere kome frå Ålesund etter brannen i 1904, og både vindauge og innreiing er halde i ein heilt annan stil enn det opphavlege huset. Opphavleg stod Tingstova oppe i klyngjetunet mot Holen, men der ville ho stå einsam no. Ved Tuestova hadde det i si tid stått eit stabbur. Ho vart sett på den tufta på lag, så vart ikkje nokon av dei einslege. Tyssefossen På bildet ser du Tyssefossen hive seg utfor og ned i Bjørkebygda Her kryssar turistråsa Tyssaelva og ny bru har kome på plass. Det er rydda god rås opp til Tyssavatnet dersom du ønskjer å å ta en tur dit når du besøker Bjørke På forrige bilde/side der Tua/Tingstova er omtalt, ser du nedre del av fossen. Tyssefossen har våre eit landemerke i alle tider på Bjørke. No er dei svarte berga og eit kulturminne som viser kor stor fossen var før. Då fylte han ut alle desse berga med sitt kvite slør. Før utbygginga av fossen så lyste han opp i landskapet når du kom inn fjorden. Då han var på sitt største så var det drev frå fossen langt heimover bøane. Duren frå fossen blei en vane for bjørkingane og det måtte vere rart når plutseleg fossen ikkje lenger gav lyd frå seg. Tussa Kraft bygde ut Tyssafossen på Bjørke, og i 1961 opna kraftstasjonen. Kjelshaugen /Tyssedalsråsa. Turistråsa til Tyssedalen starter der Kjelshaugen ligg, og vegen går over Holen . Det er oppsett skilt ”Tyssedalen.” Ovafor Knutegarden som er den øvste garden på Bjørke er det ein haug som er kalla Kjelshaugen og segner fortel at der skal det ligge ein kjele full av pengar. Ein mann blei fortalt av ei ”finske”(ei som er ”synsk”) ”at der var nok pengar til å skatte for Noreg i sju år”. Men det ligg ein orm der som passar på skatten, og om nokon prøver å ta han vert han helselaus alle sine dagar. Skatten ligg der enno, for ingen har villa risikere helsa si. Denne faldaren er laga med støtte frå kulturminneåret 2009 Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag har stått for prosjektet. Er det grupper /lag som ønsker guiding så har vi fleire kjentmenn/guidar på Bjørke som kan hjelpe til. Ønskjer du guiding på denne løypa, så ta kontakt med laga. Sogelaget har nøkkel til J- Buda og Tua/Tingstova Ta kontakt med laga så får dere omvisning i husa. Sunnmørsalpene Guideservice kan og hjelpe til med guiding. Kontaktperson for kulturminneløypa er Perry Bjørke tlf 70069291 Kulturminneløypa ligg og på nettsida til Kulturminneåret www.kulturminnaaret2009.no Desse laga er med på faldaren . Kontakt gjerne desse laga. Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag Hjørundfjord Sogelag http://www.hjorundfjord.no/sogelaget/ Hjørundfjord Kulturvernlag http://www.hjorundfjord.no/kulturvernlaget/ Ørsta Reiselivslag www.orstainfo.no tlf 70068518 Sunnmørsalpene Guideservice tlf 70068518 Bjørke kyrkje 70041024 Hjørundfjord Bygdemoblisering www.hjorundfjord.no Vi håper denne faldaren over kulturminneløypa kan hjelpe deg å finne alle dei flotte kulturminna på Bjørke. Parker gjerne på Bruasletta å gå denne løypa rundt Bjørke. Skilt er sett opp ved starten av løypa på Bruasletta. Velkommen til Bjørke! Foto : Perry Bjørke og Even Kåre Holte Forside : Utsikt frå Bjørkehornet Foto Even Kåre Holte